Nå blir det enklere å drive motorsport
– Motorsporten utviklar seg stadig, og engasjerer mange, både amatørar og profesjonelle. Eg ønsker å legge til rette for at fleire aktørar kan arrangere motorsportstemner, og at fleire skal kunne køyre lovleg i høg fart i trygge tilhøve på lukka baner. Difor foreslår vi no endringar i regelverket om motorsport. Dette vil bidra til at dei ulike motorsportmiljøa kan utvikle seg på ein positiv måte, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
Vegdirektoratet sender i dag på høyring forslag til endring av regelverket for motorsport.
Eitt av forslaga er at det skal bli mogleg for fleire motorsportforbund å drive med motorsport i Noreg.
– Eg ønsker å bidra til å auke konkurransen mellom dei som arrangerer motorsport. Det kan gi meir effektiv ressursbruk, lågare kostnader og auka tilbod for dei som driv med sporten. Difor foreslår vi no å opne for at fleire motorsportforbund enn dei to som har einerett i dag, skal kunne drive organisert motorsport, seier Dale.
Køyring på bane utan fartsgrense
Vidare føreslår vi at ein også under trening til konkurranse, på kurs og på såkalla "banedagar", skal kunne køyre raskare enn gjeldande fartsgrensa når politiet tillèt det. I dag er det berre under konkurransar at ein lovleg kan køyre raskare enn fartsgrensa.
– Det skal ikkje vere nødvendig å måtte ta omsyn til fartsgrenser når ein køyrer på ei lukka bane, og sikkerheita er tatt i vare. Ved å endre desse reglane, opnar vi opp for at fleire lovleg kan køyre fort i trygge omgjevnader, seier Dale.