IMG_6900.jpg

Hei.

Velkommen til min elbil, bil- og opplevelsesweb! Jeg reiser rundt i ulike biler, og prøver å finne spennende ting på veien som du kan ha glede av - i tillegg til det som er å si om de fine bilene, selvsagt!

Det er mye nytt å sette seg inn i når du skal konvertere til elbil. Jeg prøver ut forskjellige biler og "issues" som du forhåpentligvis kan ha glede av før du signerer hos bilhandleren.

Foreløpig har jeg lagt inn en del nyheter og snart kommer det flere biltester og ikke minst praktiske råd om hybrid-, plug-in hybrid- og elbiler, lading, ord og uttrykk, m.m.

Jeg håper du vil være med på reisen! 

Beste hilsen Gro

Samferdselsdepartementet: Regjeringen øker bøtene for mobilbruk i bil

Samferdselsdepartementet: Regjeringen øker bøtene for mobilbruk i bil

- Det er trafikkfarleg å nytte mobiltelefonen når ein køyrer bil. Det har vore forbode sidan 2000. Likevel ser vi at mange ikkje klarer å legge vekk mobilen når dei køyrer. Derfor aukar vi no bøtene til 5.000 kroner og prikkane frå to til tre viss ein blir tatt med mobilen, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Endringane blir lagt fram i statsråd i dag, og trer i kraft 1. januar 2021.

I dag er bota på 1.700 kroner og ein får to prikkar ved bruk av mobil ved køyring. Regjeringa innførte prikkbelastning for mobilbruk i bil i 2019.

- Det har ikkje hatt den venta effekten. Vi må derfor ty til sterkare middel. Med høgare bøter og enda ein prikk, håper eg sjåførar ser alvoret i dette. Det skal vere så trygt som mogleg å vere i trafikken. Da må alt fokus vere på det som skjer når ein køyrer, seier Hareide.

- Det er viktig at politiet har sanksjonstiltak som både verkar førebyggjande og får konsekvensar for dei som bryt lova.Dette er ein kraftig auke som eg håper får folk til å tenkje seg om.Det er ikkje akseptabelt å bruke mobiltelefon når ein køyrer bil, og derfor får du no svi dersom du gjer det, seier justis- og beredskapsminister Monica Mæland.

Ein auke i alle forenkla førelegg i trafikksaker

I tillegg blir satsane for alle forenkla førelegg auka. Det er fordi dei ikkje har vore endra sidan 2018. Auken er tilsvarande konsumprisindeksjusteringa frå 2018 til 2020.

- Bøter skal vere avskrekkande. Da må vi sørge for at dei held eit nivå som er i takt med prisutviklinga, seier samferdselsministeren.

Koronakrisen skaper mer teknologisk utenforskap, viser undersøkelsen Teknotrøbbel (Elkjøp)

Koronakrisen skaper mer teknologisk utenforskap, viser undersøkelsen Teknotrøbbel (Elkjøp)

Vegvesenet: Kan kutte halv milliard med smal firefelt på Rv.4

Vegvesenet: Kan kutte halv milliard med smal firefelt på Rv.4

0